top of page
  • Forfatterens bildeTargeir Attestog

I ei anna tid, i ei verd langt vekke, har det brote ut krig i eit gammalt jarlerike...

Spelgarden har nettopp fått 84 000 kroner i utviklingsstøtte av Sørnorsk Filmsenter for karakterteikningar og testlesing til «Vassgard: Vårt dobbeltliv», eit dataspel om telepatiske huldrer. Det hjelper veldig mykje på motivasjonen for å skrive på forteljinga og designe/utvikle systema for etterforsking som driv handlinga framover. Dette er difor eit fint høve å fortelje dykk der ute om premisset, så de veit kva de der ute har å glede dykk til om nokre få år.


Torbjørg Mjauland, major i Statsmilitsen i Republikken Søreg

Det heile starta med at frilansjournalist Årid Istjønn fann ut at FAM (familie- og arbeidsministeriet) i Søreg driv med tankestyring av huldrer utan klare mål med livet, eller har mål som ikkje verkar å vere samfunnsnyttige. Ho finn bevis for at sjølvaste jarlinne Yngvild står bak.


Når dette blir offentleg kjent, nyttar riksminister Gerald Solsvans høvet til å rope ut ein ny republikk med seg sjølv som provisorisk president, men han får berre støtte frå halve riksrådet, og slik er borgarkrigen i gang.


Årid rømmar over den nye grensa for å publisere meir om kritikkverdige forhold i Jarleriket, men blir i staden rekruttert inn i den nye etterretningstenesta SMETT, der ho saman med major Torbjørg Mjauland (politietterforskar i permisjon) i løynd skal forhandle med fylkeshovdingar i Jarleriket om å byte side til Republikken.


Fyrste oppdrag er å overtyde Oline Himmelsprang av Botnaland. Ho er også dagleg leiar for romorganisasjonen SUSA, som er strategisk svært nyttig for Republikken å få kontroll over. Årid og Torbjørg må berre finne ut av mysteriet bak eit mystisk funn overflata på Drabanten, månen til Vassgard.



Tekst: Targeir Attestog

Illustasjonar: Hoda Salman



Oline Himmelsprang, hovdinginne av Botnaland fylke og forskar hos SUSA


bottom of page