top of page
Forfatterens bildeTargeir Attestog

Vassgard – fyrste dataspel frå Setesdal

Det fyrste spelet til Spelgarden skal ha hovudtittelen Vassgard, som er også namnet på planeten der mange av spelforteljingane til Spelgarden skal gå føre seg. Det er ein episode-inndelt science-fantasy-krim lagt til i bygdemiljøet i Støylsdal i Søreg, på den sørlege halvkula av Vassgard. Forventa lansering er i 2021.

Tekst: Targeir Attestog

Teikningar: Kenneth Iversen


Vassgard skal bli ein serie med eventyrspel sett til ein annan planet, der både vanlege menneske og huldrer finst (kjent frå norske folke-eventyr). Huldrer har som kjent hale, og den kan dei i Vassgard-universet bruke som antenne til å sende tankar mellom kvarandre med opp til ei mils rekkevidde med fri sikt. På Vassgard har ein for lengst gått inn i den digitale tidsalderen. Huldrer kan no kople seg trådlaust på datanettverk for å sende tankar over endå lengre strekningar.


Årid Istjønn, revehulder, tidlegare etterretningsagent, styrbar figur i spelet som nettopp har blitt politioverbetjent på lensmannskontoret i fiktive Rugland kommune.

I historia til det fyrste spelet blir administrasjonen til Rugland kommune i dalen Støylsdal i Søreg (samsvarar omtrent Bygland, Setesdal, Noreg i vår verd) utsett for mystiske data-angrep som får tilsette til å gløyme ting eller hugse ting som ikkje har skjedd. Fyrste offer er datasikkerheitssjef Morten Monen, som får heile minnet sitt sletta før det blir gjenoppretta til siste backup frå tidleg på kvelden før. Det er då opp til den nye politioverbetjenten Årid Istjønn (fjellrevhuldrekvinne) å finne ut av dette og andre tilknytta mysterium med utspørjing av offer og vitne, og med leiting etter spor på fysiske steder i nærområdet. Etter kvart i spillet blir ho flinkare til å lese andre sine skjulte tankar og utføre andre former for analyse, og oppdagar då fleire og fleire spor, som ein kan håpe på at fører til at dei som står bak angrepa, blir tekne.


Morten Monen, ekornhulder, datasikkerheitssjef i fiktive Rugland kommune.

Historia kan ta ulike vendingar, avhengig av kva for val som spelaren tek for hovudpersonen i spelet. Utvikling av sosiale og tekniske evner, som er simulerte i spelet, er då viktig.

Spelet har to store tema:

  • Det å føle seg noko utanfor i lokal kultur når ein flyttar til eller flyttar tilbake til ein stad.

  • Datasikkerheit er viktig. Det blir i forteljinga illustrert noko karikert i spelforteljinga, men likevel skremmande realistisk på det grunnleggande planet.


Spelet skal etter planen kome ut på PC (Windows, Mac, Linux) og mobil og nettbrett (Android, iOS). Lansering er forventa å skje ein gong i 2021.


Før den tid vil det på eit overraskande tidspunkt kome eit demo-minispel med ei novelle sett før forteljinga til storspelet.

Comments


bottom of page